>> Hovudside

Velkomen til Bråtå!


Lengst vest i Skjåk kommune ligg grenda Bråtå. Sjølve inngangsporten til Breheimen frå aust. Dalføret strekkjer seg frå Uppnose i aust til Liavatnet og Sota i vest. I dalbotnen renn elva Ostra, kjend som ei vill og krevjande rafting- og kajakkelv.

Innbyggjartalet, om lag 90 personar, har halde seg stabilt dei siste åra, og alderen på dei som bur her nå er frå nyfødd til nærare 90 år. Det er ein del med tilknytning til grenda som har feriehus her og det er også eit positivt bidrag.
Hovudnæringa i grenda er jordbruk, og her finst bruk med mjølkeproduksjon, storfe-, sau- og geithald. I tillegg finns det både hester og kasjmirgeiter. Spanande kulturlandskap har vi takka vera at slåtte- og beitemark vert halden i hevd.

I Bråtå lever ein med naturen tett innpå seg, og med naturkrefter som av og til kan vera ei prøve! I motsetning til resten av Skjåk er Bråtågrenda nedbørsrik, da helst om vinteren. Sumarstida kan det vera spanade om smeltevatnet frå fjellet rekk til vatning før andreslåtten. Slik som utviklinga av landbruket har vorte er det mange som må ut av grenda på arbeid. Det er ikkje få bilar som fer seint og tidleg.

>> Det skjer i Bråtå


 
Alt innhold på desse sidane er © 2009 Bråtå Grendelag. Kontakt webmaster her.
Webdesign: Ottadalen Data